Marvel pusta liv i utdøydd språk

I Eternals småpratar karakterane på babylonsk – eit eldgammalt språk som døydde ut for over 2000 år sidan.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at fleire land forbyr storfilm grunna trans-karakter.

– Eternals vil føre til at fleire vert merksame på gamle Mesopotamia og dets fascinerande kulturar, og eg håpar folk vil utforske dei vidare.

Det seier Dr Martin Worthington frå Trinity College Dublin i ei pressemelding.

Han er akademikaren som har sørga for at superheltane i Eternals klarar småprate på babylonsk – trass i at språket døydde ut for over 2000 år sidan.

Vekke liv i utdøydd språk

Worthington forskar på språka og sivilisasjonane som eksisterte i Mesopotamia, deriblant oldtidsriket Babylonia, og estimerer sjølv at det berre finst ti personar i verda som meistrer babylonsk like godt som han.

Då filmstudioet sende e-post om han ville hjelpe dei med det eldgamlet språket, var han ikkje vanskeleg å be. I forkant av Marvel-filmen har Worthington skrive tekstar og spelt inn lydklipp til skodespelarane, slik at språket skulle verte så autentisk som mogeleg på storskjermen.

– Det var spennande å skape desse omsetjingane, slik at ein skodespelar kunne seie dei høgt og vekke liv i dei, seier akademikaren i pressemeldinga.