– Skoa me har laga er tøffe og unike, og eg kan nesten ikkje venta med å bruka dei på bana, seier Pogba i ei pressemelding.
Skoa, som har fått namnet Adidas Predator Freak, er veganske. Det betyr at det ikkje er brukt materiale frå dyr for å laga skoen (som til dømes skinn).
Sjølv om skoen er laga av veganske materialer, er Adidas klar på at dei fortsatt skal vera passande og for eliteprestasjonar. Det betyr at dei skal vera gode nok for mellom anna fotballspelarane i Premier League, slik som Pogba.
Les også: Tenåring med cerebral paerese har designa sko for Nike
Fotball og mote
Manchester United-spelaren fortel at ideen til skoen kom etter ein diskusjon han hadde med designar McCartney under den verste nedstenginga i fjor.
– Under nedstenginga sakna eg veldig å spela fotball. Derfor var det ei utruleg god kjensle å få moglegheit til å fokusera på noko der eg fekk kombinera kjærleiken min for både fotball og mote, seier Pogba og legger til:
– Eg er først og fremst ein fotballspelar, men eg har også ei stor interesse for mote og design. Eg har alltid hatt lyst til å utforska dette, og det har eg fått lov til no.