Tenåring med cerebral paerese har designa sko for Nike

I 2012 skreiv Matthew Walzer, en tenåring med cerebral parese, til Nike og ba om sportssko for menneske med funksjonsnedsetjing.

Matthew Walzer. Foto:
Twitter @matthewwalzer24

– FlyEase er for alle menneske. Det er kult at eit brev for nesten ni år sidan held fram med å føra til så mykje forandring, skriv Walzer på Twitter.

For det var slik det starta. Då Walzer skulle på college, bekymra han seg spesielt for ein ting – nemleg korleis han skulle få på seg skoa åleine.

Derfor bestemte han seg for å skriva brev til Nike. Han ville at dei skulle utvikla ein sko som var enkel å bruka for alle. Også dei med funksjonsnedsetjingar.

Nike var med på ideen, og inviterte han til å samarbeida om utforminga av FlyEase-skoen, skriv whdh.com.

Utan å bruka hendene

«Go FlyEase» er designa med tanke på brukarvennlegheit, slik at brukaren kan koma seg inn og ut av den utan å vera avhengig av å bruka hendene sine.

For når du tenkjer deg om, er det jammen ikkje lett å ta på seg sko utan hender!

Walzer seier at han håpar at dette gjer at andre også brukar stemma si til å gjera ein skilnad.

– Det er ikkje så nøye om du har ein stor platform. Alle kan bidra til ei endring som gjer verda til ein betre plass.

Her kan du sjå ein video av korleis designarane laga den lure skoen: