Kvifor er nokre soppar giftige?

Har du tenkt over at soppar er heilt nakne? Då er gift nyttig for å verna seg mot å bli eten.

Nokre soppar er så giftige at menneske kan døy, sjølv om ein berre et ein liten bit. Og to soppar som ser ganske like ut, kan vera forskjell på liv og død. Den eine kan vera heilt fin å eta, den andre kan vera veldig giftig, skriv Ung.Forskning,no.

Gift er ein forsvarsmekanisme for soppen. Det er altså noko han brukar for å unngå å bli eten. Men det er insekta som er fienden til soppen. Det er ikkje menneske han vernar seg mot. Men gifta verkar ikkje berre på insekt, men også på menneske.

Du må aldri plukka sopp utan ein vaksen som kan hjelpa deg med å finne ut kva sopp som er giftig.

Soppen er naken

Soppene forsvarer seg mot bittesmå kryp med gift som drep sjølv menneske i små mengder. Er ikkje det å overdriva litt?

– Nei, soppen treng det, seier Anders Dahlberg til Forskning.se.

Han er sopp-ekspert og forskar ved Statens landbruksuniversitet i Sverige.

Dyr har skinn, pels og piggar. Plantar har bark og anna vern. Soppane er derimot heilt nakne. Så dei har ein kjemisk fabrikk for å halda insekt og andre dyr borte. Lukta kan vera nok til å halda dei unna. Målet treng ikkje vera å drepa.

To av dei giftigaste finst i Noreg

Grøn og kvit flugesopp er nokon av verdas giftigaste soppartar. Begge finst i Noreg, og blir dessverre etne av fleire personar årleg. Dei blir forveksla med andre soppar – og den kvite flugesoppen kan sjå veldig lekker ut.

GIFTIG: Grøn fluesopp er ein svært giftig sopp. Foto: Hankwang / CC BY-SA 3.0 / Wikimedia Commons