– Unge har mykje å seia. Me som går på skulen no, veit bedre enn dei vaksne kva me treng, seier Sigrid Ulveseth Odd.
– Barn er trass alt framtida, seier Markus Føleide Skinlo.
Framtida Junior har tatt turen for å høyra kva 6. klassingane Sigrid Ulveseth Odd (11), Ragnar Skrede Valvik (11), Nikolai Aase Haugen (10), Oline Næss Prøven (10) og Markus Føleide Skinlo (11) tenkjer om politikk, og kva dei meiner politikarane bør fokusera på.
Bekymrar seg for framtida
Dei dreg fram at dei gjerne skulle gjort noko med forbetring av uteområde, gratis skulemat og dyrevern, og det er tydeleg at dei uroar seg for framtida. Særleg er klimaendringane skummelt å tenkja på.
– Klimaet endrar seg mykje fortare enn me trudde for berre eit år sidan, seier Markus.
– Eg lurer på korleis dei kommande generasjonane kjem til å få det. Eg er redd for at dei tidlegare generasjonane kan ha øydelagt for dei som kjem, legger Ragnar til.
– Eg er bekymra for klima og miljø, eg også. I tillegg er eg opptatt av at barn i andre land skal ha det bra, seier Nikolai.
Oline fortel at ho synest det er viktig med godt dyrevern.
– Me er jo dyr me også. Eg vil at me skal bli flinkare til å bli snillare med dyra, seier ho.
– Politikk er gørr kjedeleg
Sjølv om dei meinar at det er viktig å bli høyrd, er ingen av dei særleg opptekne av å følgja med på stortingsvalet. Grunnen er at det er vanskeleg å forstå kva politikarane eigentleg snakkar om.
– Politikk er gørr kjedeleg. Politikarane snakkar berre i munnen på kvarandre, seier Ragnar.
Nikolai fortel at det kanskje burde vore lov å stemma når dei blir 16 år.
– Du må skjønna det politikarane seier for å stemme, og då må du vera eldre enn me er. Men uansett seier politikarane at alle barn skal bli høyrt, seier han.