Demonstrerer mot cruiseskip

For første gong på 17 månader fekk Venezia besøk av eit cruiseskip forrige veke.

Det førte til at lokalbefolkninga reagerte med demonstrasjonar, skriv NRK.

I fleire år har dei kjempa mot dei store skipa, då dei bråkar, forurensar og tek mykje plass. Då det store skipet MSC Orchestra segla inn i byen, kunne flagga til aktivistgruppa «No Grand Navi», som betyr «Ingen Store Skip», sjåast over store deler av byen.

Demonstrasjonane kom etter at italienske mynder i mars lova at det skulle bli forbud mot cruiseskip i sentrum av Venezia.