Å lese ein tekst høgt, gjer nemleg at vi får lagra orda i den delen av hjernen som lagrar informasjon i lang tid, skriv forskning.no.
Dobbel læring
Det er det at vi les og høyrer oss sjølv samstundes som gjer susen, meiner forskarane som har jobba med studien som vart publisert i tidsskriftet Memory.
– Når vi les høgt for oss sjølv, blir ordet meir tydeleg i langtidshukommelsen, og lagra lettare, forklarar professor Colin M. MacLeod ved psykologisk institutt ved Waterloo University i Toronto, Canada.
Akkurat kvifor det er slik, er ikkje han sikker på.