– Eg kom til Frankrike i 2011 som politisk flykting. Her har eg utvikla ein alvorleg luftvegssjukdom og no greier eg ikkje å sova utan pustemaskin, seier mannen som vil vera anonym i ei sak hjå NRK.
Etter nesten 10 år i Frankrike, ville dei franske myndigheitene senda han heim til. Men det blir ikkje noko av, då ei ankedomstol har gjort om på vedtaket.
Grunnen er luftforureinsinga i Bangladesh. Hyppige straumbrot og varmen, vil også gjera det vanskeleg å drifta pustamaskina mannen trenger for å overleva.
20 millionar migrantar
– Me er på terskelen av ein ny æra, med millionar av mijlømigrantar, seier FN.
FN meiner at om lag 20 millionar menneske migrerte til andre land grunna naturkatastrofar i fjor. Dei meiner at det hastar å ta klimaendringane på alvor.
– Me veit kva løysningane er. Dei er kjente og tilgjengelege, men me må må gjera noko raskare og i større skala enn det er gjort til no.