Butikk-vindaugene til dei store kjøpesentera i USA er kjende for å vera spesielt flotte i juletida.
Dei som pyntar vindaugene har ofte eit tema, og i år er det å heidre sjukepleiarar, brannmenn og politibetjentar i korona-pandemien.
Oppmerkte plassar
Dei som vil sjå utstillinga kan gjera det med smittevern i fokus.
Utanfor det store senteret Macy’s i New York, er det merkt opp plassar utanfor vindaugene med to meters mellomrom.