Kanalane i Venezia så reine at dyrelivet er tilbake

Dyrelivet blomstrar i det reine kanalvatnet, etter at korona-isolering har jaga folk frå gatene.

Forureining og turisme

Kanalane er ikkje berre verdskjende for estetikken, men har også blitt kjend for å vera nokså forureina, skittent og grumsete. Turisme og tusenvis av båtar på elvane, i tillegg til eit genrelt høgt utslepp i ein moderne by, har ført til mykje forureining gjennom åra.

Slik såg det ut i oktober 2019:

Delfin-besøk og fisk

Med koronakrisa er det brått mykje mindre utslepp frå bilar, båtar og anna trafikk, og ikkje minst frå turismen og store cruise-skip.

No deler innbyggarane film og bilete av kanalen, som brått er reinare enn på mange, mange år. Fisk har kome tilbake til kanalane, som heng saman med Adriatarhavet.

På øya Sardinia, har delfinar blitt sett heilt ved kai i Cagliari. 

Ein person twittra«Så ille som koronautbrotet er, så viser det også verkeleg effekten menneske har på miljøet. Dyrelivet er tilbake til område dei før var i, sjølv vatnet i Venezia er no reint og klårt. Krisa gir verda ein sjansa til å puste og lega.»

OBS: Eit av innlegga som har blitt mykje delt påstår at svanane «er tilbake» i Venezia. Ein annan har kommentert at det faktisk er bilete frå ein annan by, Burano, og at svanane har vore der i over 20 år.