Skrivekonkurranse: Skriv eit meiningsinnlegg

Har du noko du vil fortelje? Skriv eit meiningsinnlegg som vi kan publisere i Framtida Junior.

Slik skriv du meiningsinnlegg til oss:
  • Skriv ei innleiing som forklarar kva meiningsinnlegget handar om: kvifor er dette ei sak som fleire bør bry seg om?
  • Skriv litt om kven du er, og minst to-tre grunnar til kvifor dette er ei viktig sak for deg og kvifor andre bør bry seg med dette
  • Skriv ein konklusjon: kva bør gjerast?
  • Lag ei fengande overskrift!
LES FAKTALUKK FAKTA

Vel éi av oppgåvene nedanfor, eller skriv noko anna du har på hjartet. Du må skrive på nynorsk.

Teksten treng ikkje vere lang. På nett er ofte korte tekstar vel så bra som lange.

Send inn til framtidajunior@gmail.com innan 3. april!

PREMIAR: Førstepremie: Abonnement på papirutgåva vår, Framtida Junior. Vi trekkjer òg ut tre bøker og to abonnement blant alle som sender inn innlegg til oss!

Oppgåve 1: Heimeskule/Koronaviruset

Korleis er det å ha heimeskule, no når vi kjempar mot koronaviruset? Kva tankar sit du med? Du treng ikkje nødvendigvis skrive om sjølve heimeskulen, det kan også vere tankar om det som skjer i verda og frykta for viruset. Du bestemmer heilt sjølv.

Oppgåve 2: Falske nyheiter

Falske nyheiter kan spreie seg fortare enn virus. Skriv om for eksempel: Kva er den raraste falske nyheita du har sett? Korleis kan me avdekke falske nyheiter? Kvifor må vi passe oss for falske nyheiter?

Oppgåve 3: Dugnad

Vi har no ein dugnad i Noreg for å avgrense smitta av korona. Kva kan vi få til saman når vi har dugnad? Er det andre saker vi kan eller bør ha ein stor dugnad for? Kva er bra med dugnad?

Oppgåve 4: Skriv kva som helst

Du kan også velje å skrive om noko anna du er oppteken av. Er det noko du synest er urettferdig i verda? Er det noko du synest burde gjerast annleis på skulen, i kommunen din, i Noreg eller verda? Skriv meininga di til oss!

VIKTIG:

Skriv teksten i eit word-dokument og last dokumentet som eit vedlegg. Du treng ikkje legge ved bilete. Vi kan uansett ikkje publisere bilete som ikkje er godkjent.

Hugs å skriv namn og alder. (Det er mange som gløymer dette)

For at vi skal kunne publisere det, må vi ha godkjenning frå ein føresett. Derfor må du sette ein føresett på kopi, som kan godkjenne at teksten kjem på trykk.

Send inn til framtidajunior@gmail.com innan 3. april!