Saka i si heilheit kan du lese her.
Denne veka er det toppmøte for organisasjonen, Verdas øknomiske forum (WEF), og det var stor merksemd rundt verdsleiarane.
– Det er viktigare at Greta Thunberg er her, enn at Trump er her. Ho representerer det nye, han det som held tilbake det nye, sa mellom anna den norske milliardæren Johan H. Andresen.
– Yngste panel nokonsinne
Under økonomitoppmøtet var også dei unge invitert til scena. Debattleiar var TIME-redaktør Edward Felsenthal.
– Dette er eit utruleg augneblink. Å starta det femtiande WEF med desse unge. Eg har blitt fortalt at det er det yngste panelet som nokonsinne har blitt sett saman på WEF.
Saman med Greta Thunberg (17) sat puertorikanske Salvador Gómez-Colón (16), zambiske Natasha Mwansa (18) og kanadiske Autumn Peltier (16).
Thunberg: – Ingenting er blitt gjort
Snart halvanna år er gått sidan Thunberg sette seg ned åleine framfor Riksdagen med plakaten: «Skolstreik för klimatet».
– Men i eit stort perspektiv er det i praksis ingenting som er blitt gjort, med tanke på at globalutsleppa ikkje har gått ned. Dette var også noko forventa. Det vil krevja mykje meir enn dette. Dette er berre starten. Utan å møta dette som ei ekte krise, klarar me ikkje å løyse det.
Sidan då meiner ho at det unge klimaopprøret det siste året, har vore med på å pressa den offentlege amtalen til å handla meir om klima og at folk generelt er blitt meir medvitne på klimasaka.