Fakta om matsvinn
Matsvinn er når mat vi kan ete blir kasta eller brukt til noko anna enn menneskemat.
Ein tredjedel av maten som vert produsert i verda blir aldri spist fordi den blir øydelagt eller kasta.
All maten som blir kasta ville vore nok til å fø alle sultne menneske på jorda.
USA er eit av landa med høgast matsvinn, medan Japan og Sør-Korea har det lågaste matsvinnet i verda. I USA blir det kasta ca. 40 millionar tonn kvart år.
I Noreg kastar vi 385.000 tonn mat frå matindustri, dagligvarehandel, hotell, kantine og hos vanlege folk (2017-tal). Det er cirka 73 kilo per innbyggar.
Kjelde: Wikipedia, Matvett
Cirka fire av ti nordmenn innrømmer at dei kastar for mykje julemat. Det viser nye tal frå Danske Bank.
Redd for å ikkje ha nok mat
Anne Marie Schrøder trur årsaka kan vera at folk handlar i full fart, og at dei er redd for å ikkje ha nok mat dei dagane butikkane held stengt.
Ho er kommunikasjonssjef i Matvett og jobbar med å førebygga og redusere matsvinn.
– Mange handlar råvarer i store mengder, sjølv om butikkane berre er stengt i eit par dagar, seier ho til Munin.buzz.
Det var NTB som fyrst omtala saka.