«Klimabrøl» er kåra til årets ord

Klimabrøl er på toppen av lista over dei ti mest interessante nyorda i år. Språkrådet meiner ordet viser styrken i dei unge sitt klimaengasjement.

Årets viktigaste nyord:

  1. Klimabrøl
  2. Bunadsgerilja
  3. Kjøttskam
  4. Scenenekt
  5. Kveikøl
  6. Overturisme
  7. Sovekapsel
  8. Helsesykepleier
  9. Havvind
  10. Skrønike

Kilde: Språkrådet

 

LES FAKTALUKK FAKTA

I august samla tusenvis av menneske seg til markering i femten norske byar for å brøle for klimaet.

LES MEIR: Fleire tusen brølte for klimaet

Dagfinn Rødningen er seniorrådgivar i Språkrådet. Han seier i ei pressemelding at ordet oppsummerer styrken som særleg ungdom har vist dette året.

– Ordet klimabrøl er interessant fordi det i denne samanhengen gir assosiasjonar til sinne og protest, seier han.

Han fortel at brøl elles ofte blir brukt i språket vårt for å uttrykke stor begeistring: Som seiersbrøl eller tribunebrøl.