Fleire tusen brølte for klimaet

Fredag 30. august var det igjen demonstrasjonar for klimaet. Tusenvis av menneske brølte framfor Strotinget.

Etter fleire testbrøl runga klimabrølet framfor Stortinget fredag ettermiddag klokka 16.42. Målet med klimaropet var å få fortgang i klimapolitikken.

Innsatsleiar Torgeir Brenden i Oslo-politiet anslår overfor NTB at det var mellom 6.000 og 8.000 menneske framfor Stortinget i samband med Klimabrølet.

Her kan du sjå ei lita oppsummering av dagen i Oslo.

Penelope gjev bort prispengane

I fjor vart 14 år gamle Penelope Lea den yngste vinnaren nokon sinne av Frivillighetsprisen, og mottok med det både heider og 50. 000 kroner.

Under Klimabrølet i Oslo fredag heldt ho appell for dei frammøtte:

– Eg meiner ingen har rett til å seie at vi er for små til å gjere ein forskjell, når vi er i ei slik krise, sa Lea frå scena.

Så annonserte den unge Miljøagenten at ho gjer som Greta Thunberg og donerer heile prissummen ho fekk til det pågåande klimasøksmålet Arktis.

Penelope Lea gjev pengane ho mottok i samband med Frivillighetsprisen til klimasaksmålet. (Foto: Miljøagentane).