Fruktfigurar til halloween

Kva med å lage frukt og bær med ein «blodig» sjokoladedip i kveld?

Ingrediensar (til fire personar):

  • 1 plate kvit sjokolade
  • ½ dl fløyte
  • 2 ts raud konditorfarge

Forslag til frukt:

  • 100 g honningmelon
  • 100 g bringebær
  • 100 g jordbær

Slik gjer du:

  1. Varm opp fløyte i ein liten kjele. Trekk kjelen til sides. Brekk sjokolade i små bitar, og ha dei i kjelen med varm fløyte. La det stå til sjokoladen har smelta. Rør så inn raud konditorfarge.
  2. Kutt melon i skiver, og bruk ulike former til å stikke ut skumle figurar. Ha i ei skål saman med bær.

Server frukt og bær saman med den «blodige» sjokoladedippen.

(Kjelde: Matprat.no)