Store demonstrasjonar i Spania

Catalonia er eit område rundt Barcelona i Spania. Der har det vore mange store demonstrasjonar i det siste.

Mange har demonstrert fordi ni politikarar frå Catalonia blei arrestert etter ei avstemning i 2017 om Catalonia skulle bli verande som ein del av Spania eller bli eit eige land. 

Dei som bestemmer i Spania sa at denne avstemninga ikkje var lov, og at Catalonia skulle bli i Spania. Det er dette mange frå Catelonia ikkje vil. 

Dei vil også at politikarane skal sleppast fri frå fengsel. Dei som demonstrerer meiner at Spania har arrestert politikarane utan grunn.