6. juni laga NRK ein artikkel om at bebuerane på Sommarøy i Tromsø skulle kvitte seg med alle klokker og leve i eit samfunn utan tid.
Artikkelen spreidde seg som eld i tørt gras, og mange norske og utanlandske aviser skreiv om den vesle øya.
Alt var løgn
25. juni kom det fram at det heile var eit PR-stunt frå Innovasjon Norge.
At det var eit PR-stunt tyder at nokon som jobbar i Innovasjon Norge bestemte seg for å gje feil informasjon til NRK og andre medier, for å få merksemd retta mot Sommarøy som reisemål.
Etter at nyhenda om løgnen kom fram, har både direktøren i Innovasjon Norge og næringsministeren sagt unnskyld.
– Du skal ikkje lyge, punktum, seier Peggy Simcic Brønn, professor ved institutt for kommunikasjon og kultur ved BI til NRK.
Men når nyhende som er falske har byrja å spreie seg, er det vanskeleg å stoppe dei. Difor er det stadig nye aviser som skriv om saka. Torsdag føremiddag var det heile 2050 utanlandske medier som har omtala saka.