– Naturen har nærmast blitt eit moteshow, og stiane ein catwalk, seier seniorforskar Per Ingvar Haukeland ved institutt for friluftsliv ved Universitetet i Søraust-Noreg til NRK.Ifølgje Vestlandsforsking er friluftsliv no det tredje verste du kan gjere på fritida med tanke på miljøet. På topp ligg feriereiser og flyreiser for å besøke vener og familie.
Nordmenn kjøper sportsutstyr for 15 milliardar kroner i året.
Seniorforskaren meiner løysinga er fleire kortreiste naturopplevingar og oppmodar folk til å reparera utstyret ein allereie har.
Unge kjøper meir brukt
Kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad, meiner at særleg ungdom er vorte flinkare til å kjøpa brukt.
– Det er kulare å komme med noko brukt på tur no, enn for berre nokre få år sidan.
– Det er nok dei over førti som er verstingane når det kjem til å kjøpe alt nytt, seier Mette.