– Å teikne familie og vener som morosame figurar var det beste eg visste som liten gut, fortel Jacob til NRK.
Digital avatar
Ein «Bitmoji» er ein digital avatar av deg sjølv. Ein figur du kan bruke i samtalar i sosiale medier. Det er Snapchat som er størst på dette.
I 2016 blei Bitstrips, selskapet til illustratøren, kjøpt opp av Snapchat for over 100 millionar dollar. No blir figurane brukt av 126 millionar menneske i heile verda.