Eva Lill, Mina, Ingeborg og Emma kjem med råd: – Sånn kan fleire trivast på skulen | Framtidajunior.no

Eva Lill, Mina, Ingeborg og Emma kjem med råd: – Sånn kan fleire trivast på skulen

MOT MOBBING: – Eg forstår ikkje kvifor folk gidd å mobba andre, seier Ingeborg Kvamme (nummer to frå høgre). Ho får støtte frå Eva Lill Misje (heilt til venstre), Mina Kannelønnig Kolstad og Emma Semb Sakseid. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Du må vera ein god klassekamerat og passa på at klassemiljøet er godt, seier Ingeborg Kvamme (10).

– Viss ein har nokon å vera med på skulen i friminutta, så blir det kjekkare å vera på skulen, seier Eva Lill Misje (10), og legg til:

– Det går an å spørja om nokon vil vera med viss det er nokon som står åleine. Eg spurde ei i klassen før i dag som stod åleine.

– Me må vera snille med alle, uansett alder og korleis dei ser ut, seier Emma Semb Sakseid (10).

Kjekke skuletimar

Jentene på Stord seier dei trivst veldig godt på skulen. Dei trur fleire hadde syntest det var kjekkare på skulen viss det var fleire timar med musikk og kunst og handverk.

– Og så skulle me få lov til å starta med sløyd tidlegare, seier Mina Kannelønnig Kolstad (10).

– Det kjekkaste er når me får spela instrument i musikktimen, seier Eva.

Emma synest det er kjekt når dei får sitja med den dei vil, og Ingeborg synest det er kjekt når det er fleire oppgåver som dei kan velja mellom.

– Kjedeleg å kjeda seg

Jentene er einige i at det er kjedeleg å kjeda seg.

– Eg synest det er veldig kjedeleg å kjeda meg, men heldigvis gjer eg det veldig sjeldan.

Mina seier ho har høyrt at forsking seier at det kan vera sunt å kjeda seg.

– Då blir det lettare for at ein finn på nye og bra ting, seier ho.

JENTENE SINE TIPS MOT MOBBING:

Inkluder og spør om fleire vil bli med i leiken

Gå bort og sei ifrå og vern dei som blir mobba

Sei ifrå til vaksne

Prøv å ikkje bry deg om dei som mobbar

Kva meiner du?

98 svar

Fekk du snø til jul i år?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir