Ny bok viser kvardagen til barn i Brasil

Førre veke blei ei bok med historiene til barn i Rio de Janeiro gitt ut.

Tittelen på boka er «Eg skulle ha vore på skulen». Boka inneheld teikningar og forteljingar frå barn og unge mellom 5 og 17 som bur i favelaen i Rio de Janeiro.

Ein favela er eit veldig fattig område av byen med mykje kriminalitet. Barn som bur der opplever ofte at skulen blir stengt og at dei må gøyme seg frå vindauga. Det er fordi det er mykje skyting i gatene når politiet jaktar på kriminelle.

– Nokon politi kjem inn i husa våre. Dei snur ting opp ned, dei angrip og dei prøver til og med å stele maten vår, fortel eit av barna i boka.

Målet med boka er å vise styresmaktene korleis barn som veks opp i favelaane opplever vald frå politiet.

Det var AP News som først melde om saka.

TEIKNINGAR: Barn held opp teikningar frå boka som viser korleis det er å leve i favelaen. Foto: Bruna Prado/AP Photo/NTB