Fleire søkjer seg til yrkesfag

Søkjartalet til yrkesfag aukar. I år har over halvparten av dei som har søkt vidaregåande opplæring til hausten yrkesfag som førsteval, noko som er det høgaste sidan 2021.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier dei har jobba for å få fleire til å søkje yrkesfag, fordi vi treng dyktige fagarbeidarar framover.

– Det er dei som skal vere med på å løyse dei store samfunnsutfordringane vi har framfor oss, seier ho i ei pressemelding.

Helse- og oppvekstfag er mest populært. Deretter følgjer teknologi- og industrifag som det nest mest populære yrkesfaglege studieprogrammet for søkjarane.