Sjå så glade dei er! Klassen vann skrivekonkurransen vår!

Klasse 6c ved Fjelltun skule på Jørpeland i Strand kommune vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om miljø og klima.

Stemninga stod i taket på Fjelltun skule den siste skuletimen på fredag. Då kom Framtida Junior-redaktør Svein Olav Langåker på overraskingsbesøk til klassen for å fortelja at klassen hadde vunne.

Juryen som kåra vinnaren seier at klassen har skrive mange gode, velskrivne og aktuelle tekstar om miljø og klima. Tekstane handlar om alt frå plast i havet og naturmangfald til klimagassar og regnskog.

Klassen vinn 2000 kroner i premie, og aviser til heile klassen. Klassen har veldig lyst til å dra til trampolineparken Rush, og med pengepremien er dei godt på veg.

Framsida av februarutgåva av Klasseavis 6C.

Lagar klasseavis

Ideen til å bli med i skrivekonkurransen kom frå Ylva Schimdt-Tjøstheim som er elev i klassen.

Ho er den einaste som har vunne to av skrivekonkurransane til Framtida Junior før. Og no vann ho saman med klassen sin.

Den skriveglade klassen lagar si eiga klasseavis som kjem ut cirka kvar månad. Her kan du lesa om kven som har bursdagar og nyaste nytt frå klassen og frå verda elles – i tillegg til at det er sudoku, kviss og teikneserie.