Svensknorske Marcus skal reise til verdsrommet

Astronauten Marcus Wandt blir første nordmann i verdsrommet.

Klokka 23.11 norsk tid, onsdag 17. januar, blir svensknorske Marcus Wandt skoten opp til den internasjonale romstasjonen (ISS). Han er éin av fire astronautar på oppdrag med firmaet Axiom Space.

– Eg gler meg verkeleg. Eg har ikkje grudd meg så langt. Det finst ein anspenthet, men den er positiv. Når ein har førebudd noko i lang tid, og veldig intensivt, så kjenner ein at «no er det dags», seier Wandt til NRK.