Nigeria øydela 2,5 tonn med støyttenner frå elefantar

Dei pulveriserte støyttennene skal brukast til å bygge eit monument.

I løpet av dei siste tretti åra har talet på elefantar i Nigeria gått ned frå 1 500 til 400, skriv CNN. Ein av grunnane til at det er færre dyr, er at dei blir drepne på grunn av dei verdifulle støyttennene. Støyttennene er av elfenbein, eit dyrt materiale.

I 1989 blei det forbode å selje og kjøpe elfenbein, men kriminelle har halde fram med å drepe elefantar og handle ulovleg med elfenbein.

Nigerianske myndigheiter har fått tak i 2,5 tonn av ulovlege støyttenner. På tysdag knuste dei alle til pulver. Pulveret vil bli brukt til å bygge eit monument for å minne på kor viktig elefanten er i økosystemet.