Vil hjelpa kvitkvalen Hvaldimir til Svalbard | Framtidajunior.no

Vil hjelpa kvitkvalen Hvaldimir til Svalbard

Hvaldimir sumde i vår og i sommar rundt blant båtar fleire stader i Sverige, melder SVT.

I slutten av juli kom han tilbake til norsk farvatn ved Kragerø.

– Me har eit juleønske for Hvaldimir, og det er at han snart får møta andre kvitkvalar, seier Regina Crosby Haug i OneWhale til SVT.

Får hjelp

Akkurat no er Hvaldimir i ein fjord i Sør-Noreg, der han får hjelp av organisasjonen OneWhale.

– Fysisk er han i god form etter å ha ete mykje i løpet av hausten, men det verkar som om han kjenner seg einsam og søkjer kontakt med menneske, seier Crosby Haug.

Øvst i saka kan du sjå ein video frå YouTube (av ShibbyTraveler) som viser Hvaldimir.

Kva meiner du?

12 svar

Kva likar du best? Nettbøker eller papirbøker?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir