Juleoppskrift: Julerisbollar

Slik lagar du herlege sjokoladerisbollar til familien.

Dette treng du:

  • 50 gram kokosolje.
  • 100 gram mørk eller lys sjokolade.
  • 1 egg + ein eggekvite.
  • 3 ss sukker.
  • Frø frå ei halv vaniljestong.
  • 3 ss sterk kaffi.
  • 70 gram puffa ris.
Foto: Janne Nerheim

Slik gjer du: 

  • Hakk sjokoladen i små bitar.
  • Smelt kokosolja i ei panne på svak varme.
  • Bland i kaffi.
  • Pisk egg, eggehvite, vaniljefrø og sukker til ein eggedosis.
  • Ha den smelta sjokoladeblandinga i eggedosisen.
  • Tilset puffa ris og rør godt saman.
  • Finn fram eit steikebrett dekt med bakepapir.
  • Bruk ei matskei til å laga små bollar av blandinga. Du kan laga dei i små muffinsformer om du vil – eller berre legga dei rett på bakepapiret.
  • Set dei i kjøleskap nokre timar slik at sjokoladen blir stiv.
Foto: Janne Nerheim