Dei norske artistane Karpe gir ein million kroner til barn i Gaza

Organisasjonen til artistane, PAF, har bestemt seg for å donera ein million kroner til eit senter som hjelper barn i Gaza med protesar.

Den gode nyhenda melder bandet sjølv om på Instagram.

Det er The Artificial Limbs and Polio Centre som får pengane og skal hjelpa barn som er skadde i krigen.

Vanlegvis blir protesar nytta av personar som har mista eller vore nøydde til å amputera ein kroppsdel som følgje av ei ulykke, eller dei som er fødde med manglande kroppsdelar.