Hamas har sett fri israelske barn

Under terroråtaket mot Israel 7. oktober drap den palestinske terrorgruppa Hamas rundt 1200 personar og tok 240 personar som gissel, rundt 30 av desse skal ha vore barn. 

I fredsforhandlingane vart Israel og Hamas einige om ei våpenkvile, der Hamas byter israelske gissel mot palestinarar i israelske fengsel.

Utenlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, reagerer på korleis barn vert behandla i konflikten mellom Israel og Hamas.

– Det er heilt uakseptabelt å bortføra, kidnappa, fengsla og bruka barn som forhandlingsbrikkar i eit sånt spel. Og det er det begge partane gjer. Vi fordømmer den bruken av sivile som forhandlingsbrikkar. Det er ikkje sånn ein skal føre krig, seier ho til NRK.