Heile klassen vann skrivekonkurransen

Mellomtrinnet ved Norheimsund Friskule vann skrivekonkurransen «ordførar for ein dag».

Det er 17 elevar på mellomtrinnet på Norheimsund Friskule, frå 5.-7.trinn. Dei vann skrivekonkurransen til Framtida Junior i konkurranse med over 150 bidrag frå klassar over heile Noreg.

Elevane skreiv mellom anna om kva dei som ordførar for ein dag ville gjort med fritidstilbod, skule, skjermbruk, dyrevelferd, familiegjenforeining, inkludering og fleire andre tema.

Får skryt

Klassen får skryt av juryen for å skriva om ei variert vifte av tema.

– Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg brukt pengane til å
kjøpe fleire fysiske leikar til skulane, skriv Selihom (10).

– Eg hadde bygd fleire sjukehus, fordi det er ein time å dra til sjukehuset der eg bur. Og tenk om du berre skal hente noko lite, og så må du dra ein time. Det blir berre rart for meg, skriv Mathilde (10) – og legg til:

– Eg hadde hjelpt klimaet, eller prøvd i alle fall. Så hadde eg ete min fantastiske
kveldsmat og lege i den STORE senga mi og snorka heile natta.

Vann premie

Læraren gjorde litt stas på dei på morgonsamlinga då ho gav dei beskjeden. Klassen får 1000 kroner i premie til klassekontoen – i tillegg til eit klassesett av papiravisa Framtida Junior.