Messi vann Gullballen – Haaland kåra til verdas beste spiss

For åttande gong vart Messi kåra til verdas beste fotballspelar. Men Noreg gjekk ikkje tomhendt frå prisutdelinga.

Vinnarar av Gullballen dei siste ti åra
  • 2023: Lionel Messi, Argentina (Paris Saint-Germain, no Inter Miami)
  • 2022: Karim Benzema, Frankrike (Real Madrid)
  • 2021: Messi (Barcelona)
  • 2020: Avlyst på grunn av koronapandemien
  • 2019: Lionel Messi (Barcelona)
  • 2018: Luka Modric, Kroatia (Real Madrid)
  • 2017: Cristiano Ronaldo, Portugal (Real Madrid)
  • 2016: Cristiano Ronaldo (Real Madrid)
  • 2015: Lionel Messi (Barcelona)
  • 2014: Cristiano Ronaldo (Real Madrid)
  • 2013: Cristiano Ronaldo (Real Madrid)

Kjelde: NTB

LES FAKTALUKK FAKTA

Måndag kveld var verdas største fotballstjerner samla i Paris for sportens gjævaste prisutdeling. Gullballen er ei kåring av verdas beste fotballspelar.

Haaland og Messi

Norske Erling Braut Haaland var ein av dei heitaste kandidatane til å hente heim troféet. Førre sesong vann han «The Treble» med laget sitt, Manchester City. Det vil seie at dei gjekk sigrande ut av turneringane Champions League, Premier League og den engelske cupen, i éin og same sesong.

Likevel var det ein annan fotballspelar som snappa prisen framfor nasen på han. Medan Haaland enda som nummer to i kåringa av verdas beste fotballspelar, var det argentinske Lionel Messi som vart nummer éin, og fekk Gullballen.

FEIRING: Messi feirar prisen saman med barna sine. Foto: AP Photo/Michel Euler)

Det er åttande gong Messi får denne prisen. Førre sesong vann klubblaget han spelte for, Paris Saint-Germain, den franske serien og cupen.

I tillegg henta Messi endeleg heim verdsmeistertittelen for Argentina under fotball-VM i Qatar. Det var det einaste trofeet han mangla som fotballspelar.

Kven synest du er verdas beste fotballspelar?

Kven synest du er verdas beste fotballspelar?

Messi74
Haaland93
Mbappé17
Ingen av desse51
Svar totalt: 235

Verdas beste spiss

Haaland og Noreg var ikkje kvalifiserte til VM. Sjølv om han måtte nøye seg med andreplassen i Gullballen-kåringa, fekk Haaland med seg ein annan pris heim. Han fekk prisen for å ha skåra flest mål.

Jærbuen briljerte i sin første sesong i engelsk fotball, og tok fleire målrekordar. Totalt skåra Haaland 56 mål for Manchester City og Noreg førre sesong.

– Det er sjølvsagt stort. Det var dette som var draumen, det var dette eg ville då eg var ung. Eg har mange år igjen framføre meg og gler meg til fotsetjinga, seier Haaland til TV 2. På scena i Paris takka han klubben sin og familien. 

HEIDRA MED PRIS: Erling Haaland feirar etter å ha fått prisen for beste spiss i 2022/23-sesongen. Foto: AP Photo/Michel Euler

Heidra for kamp mot rasisme

På kvinnesida var det spanske Aitana Bonmatí som vann Gullballen. Spania vann VM, og Bonmatí vann i tillegg Champions League med klubblaget sitt Barcelona førre sesong. På scena minte vinnaren om at fotball er eit lagspel og sa at ho ville dele prisen med lagvenninnene sine.

VERDAS BESTE: Aitana Bonmatí løftar Gullballen ho har vunne. Pokalen syner at ho førre sesong var verdas beste fotballspelar. Foto: AP Photo/Michel Euler

Dei blei delt ut fleire prisar i løpet av kvelden. Jude Bellingham, som speler for Real Madrid og England, blei kåra til årets unge spelar. Årets keeper vart Argentina-målvakt Emiliano Martínez.

Real Madrid-stjerna Vinicius Junior vart heidra for engasjementet sitt utanfor fotballbana. Det siste året har han løfta rasisme i fotballen, noko han sjølv har blitt utsett for.