Løveunge funne i vegkanten

Løva var mellom tre og seks månader gammal.

Førre veke fann ein person i Serbia ein løveunge i vegkanten, skriv NRK. Då personen fann løveungen, ringte han politiet. Politiet tok løva med til ein dyrepark.

Løva var ikkje redd for menneske, men var svak og trong mat. No får ho stell i dyreparken mens politiet prøver å finne ut korleis løva hamna i vegen.

NRK skriv at ville dyr ofte blir smugla i denne delen av Europa.