Fleire elefantar kryssar landegrenser på leit etter vatn

Lite regn og ein aukande elefantbestand fører elefantane til andre land.

Klimakrisa tvingar elefantar til å krysse landegrenser i den sørlege delen av Afrika, skriv The Guardian. Elefantane går til andre land for å leite etter vatn.  Dei siste vekene har elefantane i Zimbabwe marsjert inn i Botswana.

Halvparten av verdas afrikanske elefantar bur i Angola, Botswana, Namibia, Zambia og Zimbabwe. Men fleire av desse elefantane dør no på grunn av varme, ifølge ei undersøking som blei publisert denne månaden.

Fraktar inn vatn

For å prøve å hjelpe elefantane har dei som jobbar i nasjonalparkane laga borehol som dei fyller med vatn. Men det er dyrt og hjelper ikkje i lengda. Det er også planar om å flytte elefantar frå ulike område slik at færre elefantar deler på det same vatnet.