Madeleine (11) og Tiril (10) synest pride er viktig: – Vi feirar at ein kan vere den ein er

I juni arrangerer mange stader i Noreg pride, også på mindre plassar. Madeleine og Tiril var to av dei som møtte opp på markeringa Otta i helga, og fekk prøve seg på drag.

Laurdag 10. juni var det taler, musikk, gratis drikke og gigantiske vaflar steikt på kumlokk i parken på Otta. Der feira dei Pride Gudbrandsdal.

Eit populært innslag blant barna var dragframsyninga frå DragCore, ei Oslo-gruppe som har teke turen for å opptre.

Fekk prøve seg som dragartist

Ei dragqueen vinkar frå scenen til ein gjeng med barn.
Dragframsyning frå DragCore i Parken på Otta. Foto: Åshild Slåen / Framtida.no

Mellom sminke, glitter, høge hælar og miming, fekk to av dei ivrige tilskodarane som sto fremst ved scenen kome opp og sjølv vere med på ei framføring.

– Det var veldig artig og morosamt, seier Madeleine (11).

Saman med venninna Tiril (10) fekk dei låne parykk og kjole, og dei lipsynca til Britney Spears.

Tiril likte også å opptre, trass i at det var mange folk som såg på.

– Det var ganske artig fordi eg følte at eg nesten kunne vere i ein annan kropp. Dersom eg berre skulle vore vanleg hadde eg synest det var mykje flauare. Men så hadde eg på meg anna type hår og slik drag-kjole.

– Kan vise kven ein er

DragCore i paraden ved Pride Gudbrandsdal 2023. Foto Åshild Slåen / Framtida.no

Dei synest begge pride er viktig å markere. Tiril har ein onkel som er homofil og Madeleine har eit søsken som er trans.

– Vi feirar at ein kan vere den ein er, seier Madeleine.

Tiril er einig.

– Pride er når folk kan vise kven ein er og vise at ein er trygg enten ein er homofil eller lesbisk, eller eigentleg alle typar.


I fjor fekk Oslo si eiga regnbogegate, no følgjer Bergen etter. Foto: Jonas Tislevoll