Klekka fram utryddingstrua pingvinar

Tre pingvinkyllingar frå den utryddingstrua kappingvin-arten er fødd.

Hjå eit akvarium i USA vart det nyleg klekka tre nye kappingvinar. Akvariet fortel at det er viktig å passa på at det blir fleire av pingvinarta.

– Det har blitt færre av denne arta dei siste tiåra, dei står no på lista over utryddingstrua artar, fortel Jess Peranteau frå akvariet til AP.

Peranteau er sjef for dyrevern hjå akvariet, ho seier denne klekkinga er viktig for arten. Akvariet skal følgja med på dei nye kyllingane. Dei håpar å finna ut korleis dei kan sikra at arten overlev godt både i fangenskap og i det fri.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av OdySea Aquarium (@odysea.aquarium)

Les også: – Ville pingvinar har passert spegltesten, men berre så vidt