Thobias, Alida og Belinda gler seg til juleferie

Framtida Junior har snakka med elevar ved Tjødnalio skule på Stord om kva dei likar å finne på i jula. Her får du inspirasjon til kva du kan gjera i juleferien!

Thobias Grande (11):

Kva bøker likar du å lese i jula?
– Eg likar teikneseriar, for eksempel Donald. Julehefta også.

Foto: Mette T. Olsen

Kva julefilmar likar du å sjå?
– Eg ser masse julefilmar. Og for eksempel Pinocchio og Tre nøtter til Askepott.

Kva julekalender ser du på TV?
– Eg ser på NRK sin julekalender.

Spelar du brettspel?
– Av og til med familien.

Leikar du?
– Me lagar snømann viss det er snø. Elles er det mest familietid og lite vennetid.

Har du forslag til kjekke juleaktivitetar?
– Eg går julebokk, lagar peparkakehus og bakar kakemenn.

 

Foto: Mette T. Olsen

Alida Emanuelsson Fahlèn (11):

Kva bøker likar du å lese i jula?
– Då eg var mindre las mamma kalenderbøker til meg når det nærma seg jul. No likar eg best å lesa sjølv, og av og til høyrer eg på lydbøker.

Kva julefilmar likar du å sjå?
– På julaftan ser me Tre nøtter til Askepott.

Kva julekalender ser du på TV?
– Pleier å sjå den som går på NRK. Og så ser me av og til på den svenske fordi pappa er svensk. Eg likar å sjå på Amalies jul også. Den såg mamma då ho var yngre.

Spelar du brettspel?
– Me spelar kort eller stigespel mens me drikk kakao om kvelden.

Leikar du?
– Viss me feirar jul hos tante har me alltid kviss eller leikar. Elles besøker me av og til ein ven av mamma der me lagar marsipan og leikar gøymsel.

Har du forslag til kjekke juleaktivitetar?
– Me hentar juletre i skogen, og et graut og rir på hestar. Elles er eg med på danseframsyninga med Kulturskulen.

 

Foto: Mette T. Olsen

Belinda Ivara Sivertsen (11):

Kva bøker likar du å lesa i jula?
– Eg les ikkje så mange bøker i jula, det blir meir filmar på meg.

Kva julefilmar likar du å sjå?
– Favoritten min er Askepott.

Kva julekalender ser du på TV?
– Eg ser på Snøfall. Den er spennande og den gir meg julestemning.

Spelar du brettspel?
– Familien vår spelar Ludo medan me et popkorn. Det er kjekt!

Leikar du?
– Snøballkrig med vener heime i hagen er gøy!

Har du forslag til kjekke juleaktivitetar?
– Det er koseleg å drikka kakao med krem og marshmallows. Eg likar også å høyra på julesongar og laga julepynt.