Framtidajunior Nyhende Jente vann idrettskonkurranse – blei sjekka om ho var transperson
Illustrasjon: Teikning: NotionPic/Canva

Jente vann idrettskonkurranse – blei sjekka om ho var transperson

Etter at ei jente slo barna deira i ein idrettskonkurranse i USA, ba foreldra idrettsorganisasjon sjekke om ho var transperson.

I juli vart lova HB11 innført i Utah, USA. Ho forbyr transjenter frå å delta i kvinneklassen i skuleidretten, og allereie har fleire brukt ho for å sjekke elevar som er «for flinke».

Stilte spørsmål ved kjønnet

I Utah sin lovgjevande utdanningskomité kom det denne veka fram at ei jente på vidaregåande vart sjekka for kva kjønn ho var etter ein statleg idrettskonkurranse, skriv Deseret News. For å sikre privatlivet vil dei ikkje gå ut med kva idrett eller skule det gjeld.

Foreldra til barna som kom på 2. og 3. plass hadde stilt spørsmål ved kjønnet hennar og organisasjonen Utah High School Activities Association undersøkte. UHSAA er den største samleorganisasjonen for kunst og idrett på vidaregåandeskule-nivå i Utah.

Undersøkte tilbake til barnehagen

UHSAA granska dimed papirarbeidet som omhandla vinnarjenta så langt tilbake som dei første skuleåra hennar, for å stadfeste at ho hadde blitt tildelt det same kjønnet heile vegen.

– Skulen gjekk tilbake til papira frå barnehagen og ho har alltid vore kvinne, sa UHSAA-representant David Spatafore.

Han fortalde også at verken vinnarjenta eller foreldra fekk beskjed om at dette hadde skjedd, fordi dei meinte det var unødvendig å gjere det personleg mellom dei involverte.

Han fortalde også at dei har fått fleire liknande førespurnadar, mellom anna der ein påstod at «den kvinnelege idrettsutøvaren ikkje ser feminin nok ut».

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR