Newton-Ane åt sterkare og sterkare chilli ei heil veke

Ane starta med jalapeño og enda med å eta Carolina Reaper, verdas sterkaste chilli, saman med Victor Sotberg. Korleis var det å ete så sterk mat ei heilt veka? Blei ho van med det?

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Eg er i grunn ein person som helst vel mild mat, fortel Ane. 

Ho ville gjera chilli-prosjektet for å utfordra seg sjølv. 

– Ja, det var trygt for meg å gjera det fordi me hadde ein lege som følgde meg heile vegen. Dette er ikkje noko ein skal prøva heime sjølv, for det er ikkje alle som toler det, seier ho.

Foto: Herman Falck How/NRK

Då veka starta var ho veldig motivert, men det endra seg dag for dag.

– I byrjinga føltes det veldig bra. Eg laga digg mat og tenkte det kom til å gå bra. Men, sakte men sikkert vart det fælt! Eg hugsar at eg på dag fire byrja å grua meg til å eta mat. Eg var konstant sår i munnen og byrja å få vondt i magen etter kvart, fortel ho.

Planen var å ha ein sterk chilli-type som hovudingrediens i alt ho laga. For kvar dag som gjekk, var det ein ny sort som stod på menyen. 

Det dei seier om at det svir når ein skal på do, det er sant!, ler ho.

Blei litt herda

Målet for prosjektet var at Ane skulle testa om ho kunne venna seg til sterk mat.

– Eg blei litt herda, altså. Eg merka forskjell då eg åt jalapeños den fjerde dagen. Den var 

mildare enn den første dagen. Men, det blir ikkje masse sterk mat på meg framover. På slutten synest eg ikkje at det smakte godt eingong.

Den sterkaste chilien, Carolina Reaper, åt ho saman med kollega Victor Sotberg. 

– Det var surrealistisk. På eit tidspunkt klarte eg ikkje å snakka, det rann tårer og eg sveitta. Det var så intenst! Eg har aldri drukke så mykje mjølk før. Det var første og siste gong. Victor sveitta også godt.

Foto: Pixabay

Ikkje prøv dette sjølv

– Viss du har veldig lyst å smaka på chilli, gjer det saman med ein vaksen. Og – smak på dei chilliane som er å få kjøpt i vanleg butikk. Det er ein grunn til at du ikkje får kjøpt dei sterkaste chilliane. Dei er utvikla av menneske som har testa seg fram til den sterkaste sorten. Du skal ikkje sjå bort frå at det kjem ein endå sterkare chilli – men den skal ikkje eg prøve, smiler ho. 

 

Skalaen for sterke saker

Scovilleskalaen blir brukt for å måla styrkegrad på chilli. Skalaen er kalla opp etter kjemikaren Wilbur Scoville, som utvikla den i 1912.

 

Slik såg veka ut for Ane:

Dag 1: Jalapeño – cirka 5000 grader på scovilleskalaen 

Dag 2: Tabasco – cirka 30.000 grader på scovilleskalaen 

Dag 3: Kajennepepper – cirka 50.000 grader på scovilleskalaen 

Dag 4: Habanero – cirka 150 000 grader på scovilleskalaen 

Dag 5: Ghost Pepper – cirka 1 000 000 grader på scovilleskalaen 

Dag 6: Trinidad Scorpion – cirka 1 700 000 grader på scovilleskalaen 

Dag 7: Carolina Reaper – cirka 2 200 000 grader på scovilleskalaen 

DEN STERKASTE: Carolina Reaper er den sterkaste chillien i verda.