Det kjem fram i ei spørjeundersøking, som er gjort blant unge i alderen 15–29 år. NHO står bak undersøkinga.
I den kjem det fram at heile 6 av 10 unge bekymrar seg for krig og uro i verda. Ifølgje NHO er det snakk om ei stor auke frå tidlegare år.
I tillegg er det også ei aukande uro for at situasjonen i verda ikkje kjem til å bli verre i åra som kjem.
Heile 65 prosent av dei som er med i undersøkinga, trur tilstanden til planeten kjem til å bli verre. Halvparten trur at generasjonen deira vil få det verre enn tidlegare generasjonar, og nesten halvparten trur at dei økonomiske skilnadane kjem til å bli større.
Er du bekymra for krig og uro?
Er du bekymra for krig og uro?
Må finna fram til løysingar
Dette bekymrar NHO-direktør Ole Erik Almlid.
– Dette er tal som gjer inntrykk. Me lever i urolege tider, så det er lett å dela dei unge si bekymring. Min generasjon har no eit særleg ansvar for å finna fram til løysingar som gir tru på at det er mogleg å gjera noko med dei mange utfordringane, seier han i ei sak som er publisert på nettsida til NHO.
At redsel og uro knytt til krig er på toppen av lista, overraskar ikkje Almlid. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar, er krig blitt ein stor del av nyheitsbildet i Europa.
– Eg var ungdom mot slutten av den kalde krigen og veit kva ein slik type frykt betyr for ein generasjon. Me opplevde plutseleg optimisme då Berlinmuren fall, men no er bekymringa tilbake. Dei aller fleste hadde nok håpt at me skulle sleppa å komma dit, seier han til NTB.