Bles du opp kinna før du dykkar under vatn?

Før du hoppar i bassenget trekkjer du pusten djupt og fyller kinna med luft. Men har dette ein funksjon?

Ung.forskning.no har spurt ein forskar.

– Nei, det er ikkje nødvendig, svarar Ingrid Eftedal.

Ho forskar på korleis kroppen reagerer på dykking utan å bli skadd.

– Men mange bles opp kinna likevel, seier ho.

Så lenge du får pusta godt inn og fylt lungene med luft, er det altså ingen grunn til å blåsa opp kinna.