Lag deg ein god morgonrutine!

Her er forfattar Sara Lossius sine beste tips til korleis du kan laga deg ein fin morgon!

FAKTA: Om Sara Lossius
  • Sara har laga ein av Noregs største helsepodcastar, Ingefær podcast. 
  • Ho er forfattar av boka Litt Lykkeligere, og mental trenar, foredragshaldar og kommunikasjonsrådgjevar
  • 3. januar i år lanserte ho ein ny podcast kalla God morgen og boka God morgen blei publisert på forlaget Cappelen Damm.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg ville skriva ei bok om morgonrutinar som ikkje tek så mykje tid eller energi. Hos oss er det litt «pang – så er me i gang» – og slik trur eg dei fleste familiar har det, seier Sara Lossius som er forfattar av boka «God morgen».

– Det er viktig å hugsa at rutinar ikkje handlar om å gjera det perfekt. Det handlar om å laga seg ein god plan, men samstundes akseptera at ikkje alt alltid går som planlagt, seier ho. 

BANG: Hos oss er det litt «pang – så er me i gang» – og slik trur eg dei fleste familiar har det, seier Sara Lossius som er forfattar av boka “God morgen”.
Foto: Åsmund Holien Bø

Sara opplever at gode rutinar gjer at kvardagen blir enklare for alle i familien.

– Sjølv startar eg dagen min med å liggja i senga og pusta medan er ser føre meg kva eg skal den dagen. Det er ein god rutine for både vaksne og barn, seier Sara. 

Ho fortel at morgon bli betre når barn og vaksne stressar minst mogleg. 

– Det er også enklare for ungane å bli levert på skulen når me har ro. Stemninga på morgonen smittar over på resten av dagen, seier ho.

6 tips til ein fin morgon:

  • Finn ut kva som er viktig for deg. Kva treng du? Kva likar du å gjera? Lag deg ein plan for morgonen din.
  • Legg fram klede og sjekk skulesekken kvelden før. Då har du meir tid til å dulle og kose deg.
  • Tenk gjennom kva du gler deg til ved dagen som er framføre deg. Er det noko du gruar deg til? Tenk gjennom korleis du kan løysa det. 
  • Viss du går til skulen er det lurt å vera litt ekstra tidleg ute – slik at du kan treffa vener og bevega deg i frisk luft før du skal sitja stille.