Visste du at ostehøvelen er ei norsk oppfinning?

Me brukar den nesten kvar einaste dag. Men visste du at den er norsk?

Ostehøvelen vart funnen opp av snikkarmeister Thor Bjørklund frå Lillehammer i 1925. To år seinare, i 1927, starta produksjonen av reiskapen alle i Noreg har i kjøkenskuffen i dag, skriv Store Norske Leksikon.

Bjørklund hadde lenge irritert seg over kor vanskeleg det var å skjera ost med kniv – derfor fann han opp høvelen som tok utgangspunkt i ein vanleg snekkarhøvel.

I 2017 fekk ostehøvelen 3. plass i konkurransen om beste design i Aftenposten og DOGA sin konkurranse, «Design i 100».

Les også: Ti utrulege oppfinningar – spennande om viktige oppfinningar