Kva er utflod?

Er du jente og har lagt merke til ein liten våt flekk i underbuksa? Dette kallast utflod og er eit teikn på at puberteten er i gang med å forvandla deg òg på innsida.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Hos jentene startar puberteten vanlegvis i 11-16-års alderen. Om puberteten hos deg startar litt før eller etter dette, er ikkje det unormalt.

Sender signal

Puberteten startar når hjernen sender ut signal som får kroppen til å produsera det kvinnelege kjønnshormonet østrogen. Brysta dine byrjar å veksa, du får hår under armane og rundt kjønnsorganet, og du veks raskare enn nokon gong elles i livet – bortsett frå då du var baby. Du blir høgare, og du legg på deg og får meir kvinnelege former. I tillegg veks og mognast eggstokkane, egglederne, livmoren og kjønnsorganet ditt.

Utflod kvar dag

Det er vanleg å få utflod. Dette er ein melkeaktig væske som kjem frå skjeden din og som smør slimhinna i skjeden. Alle jenter som har komme i puberteten, har utflod i trusa kvar einaste dag. Utfloden er ei væske som kjem ut frå skjeden. Væska blir laga av små kjertlar inne i livmorhalsen.

(Kjelde: NHI, Jenteboka)