Vil stramma inn bruken av elsparkesyklar

No kjem nye og strengare reglar for å køyra elsparkesykkel. Det blir mellom anna innført aldersgrense og hjelmpåbod for alle under 15 år.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om strengare reglar for bruk av elsparkesykkel. Målet er at reglane skal tre i kraft til våren, skriv NRK.

Dette er dei nye reglane som kjem i tillegg til reglane som finst frå før:

  • Aldersgrense på minst 12 år.
  • Påbod om bruk av hjelm for barn under 15 år.
  • Den alminnelege promillegrensa på 0,2 skal òg gjelda for ruspåverka køyring med små elektriske køyretøy.
  • Små elektriske køyretøy blir gjort om frå «sykkel» til «motorvogn».

– Dei tre siste åra har vore prega av eit uakseptabelt høgt skadetal og aukande konfliktnivå mellom elsparkesyklister og andre trafikantar. Slik kan det ikkje fortsetja, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård til NRK.

Treng fleire reglar

I mai i fjor kom det nye reglar for elsparkesyklar i Noreg.

Det kom reglar for maks fart ved forbikøyring av fotgjengarar, parkering og forbod mot meir enn ein person på elsparkesykkel.

– Me ser at dei innstrammingane som er gjort så langt, ikkje er tilstrekkelege. Det vil me gjera noko med før årets sesong, og me strammar inn reglane frå våren 2022, seier Nygård.