Korallreva vil truleg døy ut

Korallrev, som er avgjerande for ein firedel av alt liv i havet, vil truleg døy ut sjølv om den globale oppvarminga blir heldt under 1,5 grader, trur forskarar.

Ifølgje FNs klimapanel er dei alvorlege klimaendringane allereie i full gang.

Kloden blir varmare, og politikarane har sett som mål at temperaturen ikkje skal stiga meir enn 1,5 grader samanlikna med førindustrielt nivå. Førindustrielt nivå betyr temperaturen som var på kloden i perioden før industrialiseringa skaut fart på slutten av 1700- og starten av 1800-talet.

Sårbare korallrev

Men no har forskarar sjekka korleis framtidsutsiktene ser ut for korallreva dersom verda klarar å halda seg under målet på 1,5 grader, skriv Fagpressenytt.

Teksten held fram under gifen.

GIF: Giphy.com

– Den brutale sanninga er at det ikkje finst ei trygg grense for oppvarming når det gjeld korallrev, seier Adele Dixon ved universitetet i Leeds, som har leidd arbeidet med studien.

– 1,5 grad er framleis for mykje, seier ho.

FNs klimapanel fortalte i august at den globale oppvarminga alt i 2030 kan komma til å passera 1,5 grader.

1,5 grader utgjer skilnaden

1,5 grad høyrest lite ut, men kan utgjera skilnaden mellom overleving eller øydelegging for små øystatar, kystområde og sårbare økosystem. Ifølgje den nye rapporten vil over 99 prosent av korallreva i verda vil døy som følgje av stadig fleire hetebølgjer i havet.

Dersom den globale oppvarminga blir på 2 grader, vil alle korallrev døy ut, ifølgje studien.

Det var NTB som fyrst omtala saka.