Dette er verdas eldste akvariumsfisk

Dette er Methuselah, som er kalla opp etter bestefaren til Noah i Bibelen.

Og akkurat det namnet er det ikkje så rart at fisken har fått. Det vert sagt at bestefaren til Noah vart 969 år gammal. Så gammal er rett nok ikkje fisken Methuselah, men biologar ved California Academy of Sciences trur at han er om lag 90 år gammal. Det gjer han til den antatt eldste akvariefisken i verda, skriv nyhendebyrået AP.

Methuselah er av arten australsk lungefisk, ein art som både har gjeller og lunger. Slik sett blir den rekna som ein mellomting mellom ein fisk og ein amfibium.

Han er heile 1,2 meter lang og 18 kilo tung, og no bur han på San Fransisco-museet i USA. Der har han budd sidan 1938.

Fisken likar kos. Foto: AP Photo/Jeff Chiu

Likar å bli kosa på magen og ryggen

Dei som passar på Methuselah, trur at fisken er ei ho. Men dei er ikkje heilt sikker, for det er nemleg vanskeleg å bestemma kjønnet utan å ta ein risikabel blodprøve. Derfor har dei no bestemt seg for å ta ein liten prøve av finnen til fisken, noko som vil kunna bekrefta kjønnet og finna ut akkurat kor gammal han er.

Allan Jan, seniorbiolog ved California Academy of Sciences, fortel at fisken likar å bli kosa på ryggen og magen, og at han er snill.

– Eg plar å seia til folk at dei må lata som han er ein undervasskvalp. Methuselah er mjuk, mild og for det meste roleg.

Har fått smaken på fiken og bjørnebær

Forskarane kan også røpa at fisken har fått smaken på ein noko uvanleg matrett.

– Fisken er litt kresen, og likar berre fiken då dei er ferske og i sesong. Han vil ikkje eta dei når dei er frosne, seier Jeanette Peach, som jobbar hjå California Academy of Sciences.

I tillegg et han også økologiske bjørnebær, druer og salat, i tillegg til meir vanleg fiske-mat som anna fisk, muslingar og reker.