Flodhestar sprayar bæsj når dei høyrer framande rope

I ein ny studie har franske forskarar sjekka korleis flodhestar reagerer på roping frå andre flodhestar.

Fakta om flodhestar:
  • Flodhesten fanst tidlegare i Afrika heilt nord til Nilen og i Jordanelva i Asia. I dag lever ville flodhestar berre i Afrika sør for Sahara.
  • Dyra er rekna som sårbare av Verdas naturvernunion.
  • Flodhestar er kraftige, tjukkhuda og nesten hårlause dyr. Vaksne dyr har vanlegvis ei skulderhøgd på rundt 1,4 meter og ei lengd på 3,3–3,5 meter, men kan nå opptil 4,5 meter.
  • Hannar er større enn hoer og veg gjerne mellom 1600 og 3200 kg, medan hoer kan bli opptil 650-2350 kg. Nyfødde flodhestar er 25-5 kg tunge.
  • Flodhestar lever i og ved elver, sjøar og sumper. Dei held til i flokkar som typisk omfattar 10-15 individ, men kan også danna større flokkar på opptil 150 dyr.
  • Dei er planteetarar som hovudsakleg et plantar som veks ved vatnet dei held til i. Som regel går dei på land og beiter om natta.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Den vanlegaste lyden flodhestar lagar, kallast for «wheeze honk» på engelsk. Det er eit høgt rop som kan høyrast over lange avstandar, skriv Ung.Forskning.no.

GIF: Giphy.com

Forskarane tok opptak av lyden frå sju grupper med flodhestar. Så spela dei av lyden slik at dyra fekk høyra lydar frå si eiga gruppe, ei nabo-gruppe og ei framand gruppe med flodhestar.

Aggressiv mot framande

Flodhestane oppførte seg mest aggressivt når dei høyrde roping frå eit framandt dyr.

Då spraya dei oftare bæsj ut over området sitt.

Flodhester kan nemleg spreia bæsjen sin ved å svinga halen. Møkka blir spreidd ut som ein kvervelvind. Dette gjer dei for å markera området sitt.