Hundar kan skilja mellom ulike menneskespråk

Ein ungarsk studie har tatt for seg kor gode våre firbeinte bestevenner er til å skilja mellom ulike menneskelege språk.

Høyrer du forskjell på om nokon snakkar spansk eller engelsk? Det kan hundar gjera òg! Forskarar har nemleg funne ut at hundar er smartare enn me kanskje trudde.

Det heile starta då forskaren Laura V. Cuaya flytta til Ungarn for nokre år sidan. Med seg på flyttelasset hadde ho hunden sin, Kun-kun. Ho var nysgjerrig på om hunden hennar hadde fått med seg at dei snakkar eit anna språk i Ungarn enn dei gjer i Mexico, der duoen budde før. Det skriv NRK i ei sak.

For å finna fram til eit svar, sette ho derfor i gong med eit forskingsprosjekt saman med kollegaane sine. Studien er publisert i tidsskriftet Neuroimage.

Fekk høyra eventyr

Kun-kun og 17 andre hundar vart først trent til å ligga heilt stille. Deretter vart dei plassert i ei MR-maskin, som tek bilder av hjernen.

Medan dei låg stille inne i maskina, fekk hundane høyra eventyret «Den vesle prinsen», både på ungarsk og på spansk. Alle hundane som var med i studien var berre vant til å høyra menneska rundt seg snakka eitt av desse språka til vanleg.

Etter at hundane hadde høyrt på eventyra på dei to forskjellege språka, kunne forskarane samanlinka bilda av hjernen til hundane.

– Seier mykje om kor merksame hundar er på menneske

Bilda skulle gi forskarane overraskande svar.

– Me fann ut at hjernen til hunden kjenner att tale og kan skilja mellom ulike språk utan å trena spesifikt på det. Eg trur at dette seier mykje om kor merksame hundar er på menneske, seier Laura V. Cuaya til amerikanske NBC News.

Cuaya fortel at det faktum at hundar er sosiale elevar, gir dei ein fordel. Den betyr at dei har ei betre forståing av miljøet dei er i.