Snørekord i tørkeråka California

Snøen har bokstavleg talt lava ned i California den siste tida. At det skulle skje på slutten av det tørraste året i eit hundreår for den solrike staten, vart ei overrasking.

–Det er «snømaggedon» her. Det er heilt ufatteleg kor mykje snø det er komme, sa Stephen Kulieke til Los Angeles Times tidlegare denne veka.

Han kunne då fortelja at hytta hans var gravlagt under minst 120 centimeter med puddersnø.

Ny desember-rekord

Måndag var det nemleg eit rekordstort snøfall i Sierra Nevada, der Kulieke har hytte. Tenestemenn ved «UC Berkeley Central Sierra Snow Lab», som ifølgje VG ligg på rundt 2100 meter over havet omtrent to timar frå storbyen Sacramento, har uttalt at snøfallet har overgått den førre desember-rekorden.

Rekorden kom i 1079, og var på om lag 4,2 meter.

Tysdag morgon registrerte laboratoriet at det var komme i overkant av 5 meter snø – noko som gjer desember til den tredje mest snørike månaden i området nokosinne!

Ei god overrasking

GIF: giphy.com

Snøen har komme som ei god overrasking på den veldig tørre staten vest i USA. Berre for nokre månader sidan, vart det erklært naudsituasjon grunna ei veldig tørke.

Los Angeles Times melder at den lange sommaren i 2021 gjorde til at elvar tørka inn, vassreservoar vart tømde og at dei ein gong grøne åkrane vart brune.

Sjølv om ekspertane ikkje enno uttalar at snøen har løyst alle problema med manglande vatn, seier dei at det hjelper.

– Dette er ein flott start. Det hjelper for dei verste tilstandane, men det kurerer ikkje alt. Me treng verkeleg at dette held fram inn i det nye året, sa Mike Anderson, som er statsklimatolog ved «California Department of Water Resources» til Los Angeles Times.